Gå videre til innhold
Jon Fosse fekk Storkors av St. Olavs orden

Pressemelding -

Jon Fosse fekk Storkors av St. Olavs orden

I dag fekk Jon Fosse Storkors av St. Olavs orden utdelt på ein sermoni på Det Norske Samlaget. Mette Tverli som er kansellisjef på slottet sto for overrekkinga. Berre to forfattarar har fått denne utmerkinga tidlegare; Henrik Ibsen og Sigrid Undset.

Jon Fosse(f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Han fekk Nobels litteraturpris i 2023. Jon Fosse vart i 2005 Kommandør av St. Olavs Orden.

Jon Fosse seier:-Det er mektig stor ære å få Storkorset. Og eg er veldig takksam for at eg har blitt funnen verdig til denne forfremjinga.

Edmund Austigard, administrerande direktør i Det Norske Samlaget: -Dette er ei stor ære, og Det Norske Samlaget ønskjer Jon Fosse masse til lukke med tildelinga.

Foto frå arrangementet ligg ved. Alle foto: Sara Berntsen/Samlaget

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO