Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Jon Fosse får St. Olavs Orden - Storkors for den framifrå forfattarskapen sin

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland, mellom anna Nobels litteraturpris i 2023. Jon Fosse vart i 2005 Kommandør av St. Olavs Orden.

Jos Fosse seier:-Det er mektig stor ære å få Storkorset. Og eg er veldig takksam for at eg har blitt funnen verdig til denne forfremjinga.

Edmund Austigard, administrerande direktør i Det Norske Samlaget: -Dette er ei stor ære, og Det Norske Samlaget ønskjer Jon Fosse masse til lukke med tildelinga.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO