Gå videre til innhold
Janove har laga årets Juleroser-song

Pressemelding -

Janove har laga årets Juleroser-song

Saman med Trond Bersu og Kristoffer Bonsaksen i Highasakite har Janove laga årets Juleroser-låt. Carnaby Jul kjem ut fredag 21. oktober.

4.11 kjem årets Juleroser ut. Herborg Kråkevik er redaktør for det kritikarroste juleheftet, og kvart år får ein artist det ærefulle oppdraget med å bidra med ein nyskriven julesong til heftet.


- Teksten til Carnaby Jul er inspirert frå samtaler rundt mi fru sine barndomsminner frå reiser med mor hennar til London i desember. Reisene gjorde inntrykk. Barnet som tek inn storbyen med alle sansar og held mor trygt i hånda. Og sanselege som vi menneske er, minner nå London henne om jul. Gode minne som gir varm julestemning. Derfor ein tekst om å skape gode minne for ungane våre. Kva er vel jula utan gnisten i augene til barna våre?, fortel Janove.

Då førespurnaden frå Herborg kom kunne ikkje Janove seie nei.

- Taiminga var midt i blinken sidan eg nyleg hadde komponert ein melodi på piano som ikkje passa inn i mitt siste album Fullmånehymner, fordi den minna om jul. Med Herborg sin invitasjon fekk melodien liv.

Redaktør Herborg Kråkevik er svært nøgd med bidraget;

- Eitt av måla med Juleroser, er å få norske artistar til å lage moderne julesongar. No har me fått åtte nyskrivne songar frå me starta heftet i 2014. Janove sin song er eit smykke i samlinga; original, rørande og heilt sin eigen- slik Janove også er!

Lytt til låten HER

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO