Gå videre til innhold
Jan Roar Leikvoll får Bokhandelens forfattarstipend på 200 000

Pressemelding -

Jan Roar Leikvoll får Bokhandelens forfattarstipend på 200 000

Leikvoll er årets vinnar av Bokhandelens forattarstipend. Leikvoll fekk sist veke Stig Sæterbakkens Minnepris 2013 og kjem med den nye romanen Songfuglen 25.9.

Frå  grunngjevinga til juryen:

"Med ein roleg, vond, sansande og vakker prosa, har Jan Roar Leikvoll skapt tre romanar med stor eigenart. Like under reisverket av vakre formuleringar og ei gjennomstrøyming av håp, ligg motsatsen; kald, knusande og sadistisk. Leikvoll viser fram dystopiane, løftar og bryt ned, manipulerar fram fantasiar hos hovudpersonane før den realistiske handlinga innhentar språket igjen. Kontrastane, det svarte og det kvite, ligg tett inntil kvarandre, men universa og språkføringa blir aldri spekulativ. Vi kjenner igjen romanuniversa, vi veit om vondskapen, men vi har ikkje sett innhaldet i desse universa vekta og sydd saman slik før. (...) Leikvolls romangrep er så sikkert, språket så godt at lesaren sjølv
må løfta auga frå teksten og reflektera over rett og gale, rett innanfor det gale, sjekka nok ein gong om det finst forsvar og tilgjeving. God litteratur set ikkje berre romankarakterane på prøve, den ristar i og testar lesaren også."


Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) og Bovara (2012) stadfesta han at han er ein  av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. 25.9. kjem den nye romanen hans, Songfuglen.

 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO