Gå videre til innhold
Foto: Oda Berby
Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Ingelin Westeren debuterer med romanen "Musikk for folk i trøbbel"

Ingelin Westeren debuterer med romanen Musikk for folk i trøbbel, med handling frå innsida av eit miljø vi sjeldan høyrer frå. Hovudpersonen Ida forsøker lappe saman tilværet sitt. Ho går på NAV, forsøker å ta seg av ei mor si, og har Susanne Sundførs musikk som lydspor i livet.

Ida har ikkje fullført vidaregåande, og til saman har ho jobba tjue dagar i det ordinære arbeidslivet. Mor hennar har vore inn og ut av sosialkontoret så lenge Ida kan hugse, og no må Ida hjelpe henne med å flytte inn på hospits. I tillegg har bestevenninna Ragna blitt gravid, og Ida er redd Ragna ikkje kjem til å ha tid til henne når barnet kjem. Overalt møter Ida forventningar ho ikkje kan innfri. Nettene dreg henne bakover i tid, til midlertidige rom hos midlertidige fedrar, og til såret mellom ho, mora og bestemora. Men noko er likevel i ferd med å snu. Ho har gått til psykolog i over eitt år og fått seg ei leilegheit i Groruddalen. I møte med den afghanske flyktningen Malik, ein katt oppkalla etter St. Thomas og ein nabo som treng hjelp, begynner både framtida og fortida å endre form. 

«Flyttefolka vinkar til oss. Dei høyrer ikkje heime her, likevel har dei meir enn meg. Konene frå Polen står sikkert på kjøkkenet, kokar suppe på svineknoke, kuttar paprika og poteter, stryk klede og ventar på flyttemennene sine. I kveld kjem dei til å le, alle saman, koner, menn og barn med varm suppe i skeiene kjem til å le over mor og dotter og femten pappesker i verdas rikaste land.»

Ingelin Westeren (f. 1982) er frå Møsstrond. Ho har master i samfunnspsykologi og har jobba fleire år i NAV og i Oslo kommune. No bur ho i Bø i Telemark. Musikk for folk i trøbbel er den første romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO