Gå videre til innhold
Morten Svartveit. Foto: Siren Høyland
Morten Svartveit. Foto: Siren Høyland

Pressemelding -

Hulda Garborg-stipendet 2022 til Morten Svartveit

Hulda Garborg-stipendet 2022 går til Morten Svartveit. Juryen: "Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling".

Prisutdelinga gjekk føre seg torsdag kveld etter ei framsyning av Sluttspel av Samuel Beckett på Det Norske Teatret. Svartveit speler sjølv i framsyninga. Etter applausen kom to representantar frå juryen opp på scena og overrekte blomar og diplom til prisvinnaren, til stor jubel frå salen.

I grunngjevinga skriv juryen blant anna: "Vinnaren har eit breitt språkregister nett som han syner breidde i skodespelartalentet sitt. Han er altså ikkje «låst inne» i ein bestemt dialektal tone, men syner fleksibilitet og evne til å lytte seg fram til språket til ein karakter. Replikkane flyg lett og naturleg frå vinnarens munn. Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling. Den språklege tryggleiken bidreg sikkert til det. Vinnar av Hulda Garborg-prisen for 2022 er skodespelar Morten Svartveit."

Hulda Garborgs stipendfond
Hulda Garborgs stipendfond har ei lang historie heilt tilbake til 1923, og skal gå til skodespelarar som spelar på nynorsk med formål «... at skodespelarar som spelar på norsk (landsmål) skal få ferdastipend, eller i minsto noko tilhjelp til ferder...». Juryen består at tre personar, som blir vald av styret i Samlaget, styret i Det Norske Teatret og av dei tilsette på Det norske Teatret.

Prisen er på kroner 10 000,–.

I juryen sit Borghild Maaland Eberson (Samlaget), Carl Morten Amundsen (Det Norske Teatret – styret) og Marianne Krogh (Det Norske Teatret – tilsette).

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO