Gå videre til innhold
Herborg Kråkeviks Juleroser snart utselt i bokhandel

Pressemelding -

Herborg Kråkeviks Juleroser snart utselt i bokhandel

Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser har toppa besteljarlista for skjønnlitteratur dei siste vekene, og er utselt frå lager. Fleire bokhandlarar er tome, så kundar blir bedt om å bruke klikk og hent i nettbokhandel. Heftet finns også igjen i kiosk og daglegvarehandel nokre stader.

Juleroser med Kråkevik som redaktør har vore ein stor suksess sidan det kom ut for første gong i 2015. Årets jubileumsnummer har med bidrag frå Paul Auster, Jon Fosse, HKH Kronprinsesse Mette Marit, Sara Stridsberg, Ocean Vuong, Jo Nesbø, og mange fleire. Sondre Lerche har komponert årets julesong til heftet, Den sanne jul.

Med relanseringa avJuleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO