Pressemelding -
Helga Songøygard Battin debuterer med romanen "Rosehagtornen"
29.01. lanserer vi Helga Songøygard Battins debutroman Rosehagtornen. Boka er ei sår forteljing om å bli vaksen, og er fortalt på ein morosam og smart måte.
Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn.
Helga Songøygard Battin (f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø. Rosehagtornen er den første romanen hennar.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.