Gå videre til innhold
Omslag: John S. Jamtli
Omslag: John S. Jamtli

Pressemelding -

Harald Nortun aktuell med grøssar for ungdom

Den prislønte forfattaren Harald Nortun er aktuell med ein grøssar for ungdom, Skallen

To kameratar er på fisketur på fjellet. Dei ligg i telt ved Reinsvatnet. Her er det inga mobildekning, og ingen veit kor dei er. Trur dei. For midt på natta får dei nokre mystiske meldingar. Avsendaren er Skallen. Skallen veit kor dei er, og ser og høyrer alt. I mørket jaktar Skallen på gutane. Kven er Skallen? Og kan gutane flykte, eller må dei ta opp kampen mot den ukjende trusselen? 

Boka er del av ungdomsserien Grøss og gru, ein serie utvikla i samarbeid med Leser søker bok, der forfattarar som A. Audhild Solberg, Lars Mæhle og Linn T. Sunne tidlegare har bidrege med gyselege grøssarar.

Harald Nortun (f.1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Eksperimentet frå 2015 er omsett til fire språk, m.a. fransk og nederlansk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun blei tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for Spådama i 7B, superfinalist til Bokslukerprisen for same bok

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO