Pressemelding -
Gjertrud Langva debuterer med "Vi spring ikkje slik vi sprang"
Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel.
Langva har skapt eit særeige univers, som har i seg ekko av eventyr og fablar.
Gjertrud Langva (f. 1989.)Vi spring ikkje slik vi sprang er Langvas første bok
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.