Pressemelding -
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen med ny bildebok
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen har skrive og illustrert ei fantasifull og fargerik godnatt-historie.
Pappa seier at det er leggetid, men jenta vil at dei skal lese meir. Ho skulle ynskje at nokon hadde skrive ei bok om henne. Men i bokhyllene finst det berre bøker om andre.
Saman diktar dei to opp boka om jenta. Kanskje det skal vere slimmonster i boka, eller kanskje ho skal klatre opp på verdas høgaste fjell? Kanskje ho skal reise til framtida og møte seg sjølv som vaksen?
Ja, alt er mogleg i ei bok. Men om alt er mogleg, kan jo alt mogleg skummelt også hende. Og kva skjer når pappa blir så ivrig med å dikte at han gløymer at det faktisk er leggetid?
Frode Grytten (f. 1960) er ein av våre mest sentrale samtidsforfattarar. Han debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Bikubesong frå 1999 blei tildelt Brageprisen og nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han har også blitt tildelt Rivertonprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris. I 2008 gav han ut bildeboka Gabba gabba hey, illustrert av Gry Moursund.
Mari Kanstad Johnsen (f. 1981) er norsk biletkunstnar, barnebokforfattar og illustratør utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og Konstfack i Stockholm. Ho er blitt nominert til Brageprisen for bildebøkene ABC (2017) og 3 2 1 (2019).
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.