Gå videre til innhold
Frisørgründer Irene Stana gir ut bok som lærer deg å klippe håret sjølv; "Klipp deg! Trinn for trinn guide"

Pressemelding -

Frisørgründer Irene Stana gir ut bok som lærer deg å klippe håret sjølv; "Klipp deg! Trinn for trinn guide"

Irene Stana (f. 1970) frå Voss har jobba som frisør i 35 år. Ho er gründeren bak Floke, Noregs einaste «Grøn-salong»-sertifiserte frisørkjede. Stana har utvikla den veganske hårpleieserien «Lyng» og lanserte nyleg Flokes Nettklipp, landets fyrste nettbaserte frisørteneste.

Uansett om du berre skal klippe luggen, stusse tuppane eller vil ha heilt ny frisyre; eit fint resultat krev systematisk jobbing og ein god arbeidsplan. I boka "Klipp deg!" viser Stana deg dei viktigaste prinsippa bak hårklipp og gir deg steg-for-steg-instruksjonane som hjelper deg i mål. Du får også tips om kva du bør tenke på før du bestemmer deg for frisyre og triksa du treng anten du skal klippe krøller, skjegg eller eit uroleg barn. Boka er rikt illustrert med bilete av heile klippeprosessen på 11 ulike frisyrar.

Hårklipp er først og fremst eit handverk som krev kunnskap og godt verktøy. «Klipp deg!» er for deg som klipper ditt eige eller andres hår, utan at du nokon gong har lært det. For du er slett ikkje aleine! Nær 1 av 4 spurte nordmenn klipper håret heime og går aldri går til frisøren. Endå fleire fiksar eller friskar opp sveisen sjølv mellom frisørtimane. Med Stanas profftips lærer du korleis du med riktig teknikk og verktøy kan få best mogeleg resultat på vidt ulike frisyrar og hårtypar. Med på kjøpet får du også oversikt over klippeutstyret du treng og korleis du pleier håret ditt til kvardags.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO