Gå videre til innhold
Foto: Geir Dokken
Foto: Geir Dokken

Pressemelding -

Fredag kjem biografien om Liv Signe Navarsete; "Eg veit kva eg snakkar om!"

I biografien som kjem fredag, Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! opnar den tidlegare Sp-leiaren opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og ho fortel om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk. Boka er skriven av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende. 

Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte etter å ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.

Og slåst, det har ho gjort. Boka tek oss med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

Eg veit kva eg snakkar om!
gir ikkje berre eit viktig innsyn i ein distriktspolitikars forhold til Oslo-eliten og korleis Navarsete nesten gjekk ut av regjering fordi ho ville redde sjukehuset på Nordfjordeid. Biografien gir også eit unikt innblikk i ein kvinneleg politikars møte med maktarroganse og ufine mannfolk.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Anne Liv Tresselt

Sals-og marknadssjef 905 61 322

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO