Gå videre til innhold
Foto: Sara Olivia Sanderud
Foto: Sara Olivia Sanderud

Pressemelding -

Forfattar Kristina Leganger Iversen utforskar kvinners daglege ubehag i ny bok

Forfattar Kristina Leganger Iversen utforskar i si nye bok Det sanne og det synlege ubehaget i situasjonar kvinner opplever kvar einaste dag, anten det er i familien, blant venner, mellom kunstnarar eller på arbeidsplassen.

«Menn ser, kvinner blir sett», skriv kunsthistorikaren John Berger.Med utgangspunkt i forteljingar frå eige liv diskuterer tre kvinner på kva måte blikket til menn påverkar korleis dei set seg sjølv i scene som kvinner – måten dei begjærer og blir begjærte på. Samtalene tar utgangspunkt i konkrete situasjonar – eit møte på eit fjordhotell, ein samtale med ein teaterregissør, ei som blir stalka på høglys dag, ei som kler av seg bak eit kornete webkamera.


Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Åsane i Bergen og bur i Oslo. Ho debuterte med diktboka Hjartemekanikk i 2011, og følgde opp med romanen I ringane i 2015 og den personlege Bli mor no? i 2019. Iversen er også verksam som litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.



Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO