Gå videre til innhold
Første kapittel av den norske utgåva av "Finnegans Wake" blir lansert på hundreårsfeiringa for James Joyces "Ulysses"

Pressemelding -

Første kapittel av den norske utgåva av "Finnegans Wake" blir lansert på hundreårsfeiringa for James Joyces "Ulysses"


Det er i år hundre år sidan James Joyces roman Ulysses vart utgjeven for fyrste gong. Samlaget markerer jubileet ved å gje ut det fyrste kapittelet frå eit work in progress: Leif Høghaugs omsetjing av det siste storverket frå Joyce si hand, Finnegans Wake.

Vi lanserer utgivinga av dette første kapittelet på  The Oslo Bloomsday Celebrations 2022 på Café MIR, Toftes Gate 69, Oslo, 16. juni kl 18.

FaceBook Event: Bloomsday 2022 - Oslo | Facebook

Finnegans Wake vart ugjeven av Faber and Faber i 1939 og er ein av verdslitteraturens merkelegaste og mest særeigne tekstar.

Boka har ord på seg for å vere både uleseleg og uomsetjeleg, og mange er nok dei som har gjeve opp freistnaden på å kome seg gjennom verket. Joyce vrir og vrengjer på orda, og han skapar ei verd der noko som liknar på menneskespråk får leve sitt eige liv. Leif Høghaug, derimot, meiner at boka er høgst leseleg og høgst omsetjeleg, og at Joyce var ein stor humorist, som hadde mykje til felles med Charlie Chaplin og Buster Keaton.

Finnegans Wake er vorte kalla nattas bok. Som i ein draum glid det eine inn i det andre. Ein karakter tek bustad i ein annan karakter. Ein by (til dømes Dublin) vert til ein annan by. Eit språk glid inn i eit anna språk. Eller eit språk glid inn i ein by, og byen vert til ein karakter, osb. I det fyrste kapitelet finn vi referansar til bibelhistorie, Napoleonskrigane, teikneseriar og ymist anna.

Joyce var svært oppteken av norsk litteratur. Han lærte seg norsk for å kunne lese Ibsen i original, og i Paris vart han kjend med Olaf Bull. I Finnegans Wake er både Ibsen og Bull med. Og bokas mystiske hovudperson, HCE, opptrer (mellom anna) som etterkomar etter norske vikingar. I det heile er det ei mengd referansar til norsk litteratur, historie og kultur i Joyce si store bok.

Leif Høghaug legg vekt på at det i den norske språkhistoria og språksituasjonen ligg til rette for ei omsetjing av Finnegans Wake.

Leif Høghaug
Leif Høghaug (f. 1974) debuterte med diktboka Fama i 2012. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion 2017.  Han har og gitt ut romanen Kælven (2019). Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO