Gå videre til innhold
Faktabok for barn klimaendringar "Når det regnar i Afrika"

Pressemelding -

Faktabok for barn klimaendringar "Når det regnar i Afrika"

Erna Olslands nye faktabok for barn, "Når det regnar i Afrika" tek for seg meteorologi og klimaendringar.

Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det?

Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris

Kontaktinformasjon til Osland:
E-post: eosland@online.no
Tlf: 91133331

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO