Gå videre til innhold
Erlend Flornes Skaret er ute med romanen "Caninevangelium"

Pressemelding -

Erlend Flornes Skaret er ute med romanen "Caninevangelium"

Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid og rom, og han trur ikkje på begynningar og sluttar, men prøver likevel å sirkle seg inn på omstenda som har ført fram til at Kornelius no snart skal ringe på døra hans. Refleksjonane hans må like fullt snart vike for dei harde realitetane som innhentar han i eit svært fysisk her og no.

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte til begeistra kritikkar i 2011 med romanen Wrocław, og har også skrive romanane Lucida (2013) og Nomade (2016). Caninevangelium er den fjerde romanen hans.

Sagt om Flornes Skaret sine bøker:

Elegant skrivekunst ... en stilsikkerhet uvanlig blant debutanter. Man kunne sitert vilkårlig fra nær sagt hvor som helst i boken, og det siterte ville båret bud om en forfatter som tenker dypt og skriver lett.
Fartein Horgar, Adresseavisen

Skaret skriv essayistisk nesten like godt som Solstad, og han har Knausgårds varleik for omgjevnadane ... Alt i alt vitnar dette om ein interessant forfattarskap.
Eskil Skjeldal, Dag og tid

"Wroclaw er ein mogen, utfordrande debutroman som imponerer."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad



Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO