Gå videre til innhold
Endeleg eit nynorsk retteprogram som fungerer

Pressemelding -

Endeleg eit nynorsk retteprogram som fungerer

Saman med Tansa har Samlaget laga eit nytt nynorsk retteprogram. Retteprogrammet tek utgangspunkt i ordboka Enkel nynorsk ordliste. Programmet søker etter feil og inkonsekvent språk, og rettar teksten for deg. Aldri har det vore enklare å skrive korrekt nynorsk.

Lingofy med Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som treng å skrive nynorsk, til dømes journalistar og tilsette i offentlege og private verksemder. Ordlista har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Du får sjå den fulle bøyinga av alle orda. Ordlista har berre med éi form av kvart oppslagsord og er såleis ei normativ ordliste. Valet av oppslagsord og ordformer er medvite gjort og inneber at brukaren alltid kan vere sikker på å bruke ord og bøyingsformer som er konsekvente. Eit verktøy der ein kan lage eigne språkreglar og tilleggsordlister, følgjer òg med.

Samlaget samarbeider med Tansa Systems AS om den digitale utgåva avEnkel Nynorsk ordliste Ønskjer du informasjon om abonnement til arbeidsplassen din, kontakt salg@tansa.com.

Viss du er privatkunde kan du lese meir her.

Adm. direktør i Samlaget, Edmund Austigard er svært nøgd med å ha fått på plass den nye løysinga i samarbeid med Tansa.

-Lingofy med Enkel Nynorsk Ordliste gjer det enkelt å skrive nynorsk. Integrasjonen med Microsoft Office gjer at du har med deg verktøyet anten du skriv e-post eller lagar PowerPoint-presentasjonar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO