Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Emil A. Erstad lanserer ny bok om tida som mørkemann og kristenkonservativ

Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?

Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli.

I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?

Lansering 5. mai. kl 19 på Youngs i Oslo, samtale mellom Emil Erstad og Alf Kjetil Walgermo

Emil André Erstad (f. 1991) var mellom 2016 og 2019 ein av Hareides næraste rådgjevarar i Stortinget. Han er tidlegare leiar i KrFU. Erstad kjem frå Radøy i Nordhordland og har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han var tilsett som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité og er no politisk kommentator i avisa Vårt land. I 2016 gav han ut boka Farvel, Syria, og i 2019 kom Hareides fall.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO