Gå videre til innhold
Eli Strand er aktuell med boka "Eg er her enno. Livet med kreft"

Pressemelding -

Eli Strand er aktuell med boka "Eg er her enno. Livet med kreft"

I boka som kjem 20.10 skriv Strand ærleg og rått om korleis det er å leve med ein alvorleg kreftdiagnose.

Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 20.10.: https://fb.me/e/23ck3ax4Z

Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft, og at sjukdomen er ulækjeleg. Eli Strand på nesten 50 år, lukkeleg gift og med ein tenåringsson, klarer knapt å gå eller å puste.


Boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel om møtet med helsevesenet, om behandlinga og smertefulle biverknader og om den lammande angsten. Men ho fortel også om det som betyr mest av alt her i livet: kjærleiken, familien og venene.

Eg er her enno er ei bok om å vere dritlei livet som pasient, men også om å finne styrke og glede. Er det mogeleg å behalde håpet når legane seier at du sannsynlegvis ikkje har meir enn eit par år igjen?

Eli Strand
(f. 1970) har vore journalist og programleiar i NRK og TV2. I dag arbeider ho med kommunikasjon for næringslivet og driv sitt eige selskap, der ho skriv tekstar og lagar filmar og podkast.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO