Gå videre til innhold
Elena Ferrrante ute med ny essaysamling; "Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive"

Pressemelding -

Elena Ferrrante ute med ny essaysamling; "Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive"

Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga som ho skreiv medan korona-pandemien herja i Italia,  fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og hennar siste roman, Dei vaksnes løgnaktige liv.  Ferrante forklarer dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hennar - eit skifte som handlar om å skrive for andre sitt blikk, noko som ikkje minst gjeld for dei skrivande karakterane hennar. Ferrante forklarer korleis ho utforskar moglegheitene i romanforma - alltid innanfor margane - og ho skriv om Dante og Beatrice og om bøkene til kanoniske forfattarar som Virginia Woolf, Ingeborg Bachmann, Samuel Beckett og Gertrude Stein, og gir lesaren lyst til å lese. Med Innanfor margane stadfestar Ferrante posisjonen sin som ein reflektert og litterær tenkar.

Til norsk ved Kristin Sørsdal.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO