Gå videre til innhold
Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

Pressemelding -

Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

Elena Ferrantes siste roman Dei vaksnes løgnaktige liv blir TV-serie på Netflix og har premiere 4. januar 2023. Elena Ferrante har skrive manuset i samarbeid med Laura Paolucci, Francesco Piccolo og Edoardo De Angelis. Det er det italienske produksjonsselskapet Fandango som står bak serien, som dei og gjorde med HBO-serien basert på Ferrantes Napoli-kvartetten (My brilliant friend). Serien er regissert av den napolitanske regissøren Edoardo De Angelis.

Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret, og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria.

I Dei vaksnes løgnaktige liv som kom ut i 2020 til strålande kritikkar over heile verda, er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli på 1990-talet. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn.

Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen.

Frå nokre av meldinga av den norske utgåva. Omsetjar: Kristin Sørsdal:


«Nytt mesterverk av Ferrante»
Ole Jacob Hoel, Adressa

«Ferrante overgår seg selv»
Jon Rognlien, Dabladet

«Ferrante leverer igjen»
Guri Hjeltnes, VG

«Magnetisk medrivende»
Leif Ekle, NRK





Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO