Gå videre til innhold
Foto: Tove K. Breistein
Foto: Tove K. Breistein

Pressemelding -

Eit dystopisk storverk for unge vaksne

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag avsluttar den dystopiske trilogien Søsteranarkistane. I Søsteranarkistane møter vi barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor. Ela arbeidar som slave på fabrikken i byen SDK Zeijang-Volvo. Tyrannen Ingmor styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har.

Søsteranarkistane er eit dystopisk storverk, ei fengslande framtidsforteljing skriven av forfattarduoen Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag. Forteljinga går føre seg i ei verd der dei unge står mot det gamle i ein kamp om kven som skal leve eller døy. Bang og Kvalvaag har skapa eit rikt univers som er både språkleg oppfinnsamt med innslag av svensk, kinesisk og russisk, og intenst spennande. Trilogien består av bøkene Under (2017), Over (2019) og Ut.

Sturla Bang debuterte med Under i 2017. Hilde K. Kvalvaag har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne, og fekk Brageprisen for ungdomsromanen Fengsla i 2010.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO