Gå videre til innhold
Einar Økland feirar 50 år som forfattar med "Statsminister-boka"

Pressemelding -

Einar Økland feirar 50 år som forfattar med "Statsminister-boka"

Samlaget markerer Øklands 50 år som forfattar med bøkene Statsminister-boka og Fotgjengar med fotnotar. Møt Økland på to arrangement: 

15.1. kl 19: Agnes Ravatn intervjuar Einar Økland på Litterathushuset i Bergen. Ragnar Hovland og Erlend Nødtvedt deltek også.

28.1. kl 19: Agnes Ravatn intervjuar Einar Økland på Litteraturhuset i Oslo.

Meir om arr.: Ein av landets mest mangslungne og originale forfattarskapar har just runda 50 år. Korleis har forfattaryrket, diktinga og  Einar Økland sjølv endra seg i den tida? Og er han no eigentleg ein naiv og barnleg idyllikar?  Agnes Ravatn vil på ein smånervøs, men elskeleg måte presse Økland til å gå i seg sjølv. 

Statsminister-boka er ei samling enkle, men ulike dikt som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor lang tid det kan ta frå levering av manuskript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein statsminister verdig.

I essaysamlinga Fotgjengar med fotnotar skriv Økland om eigne og andre sine tekstar, om barnebøker, imaginære bøker, om glansbilde og brevmerke. Her er helsingar til jubilantar i form av både dikt og prosa. Og der store delar av dagens skjønnlitteratur freistar å nytte seg av grep frå faktabøkene, lar Økland denne sakprosaboka slå ut i det eksplisitt skjønnlitterære, gjennom lyriske bolkar, fabulerande prosa og også eit lesestykke som handlar om Dag Solstads 85-årsdag. Økland viser igjen at det framleis er mykje å oppdage og gle seg til i litteraturen.

Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO