Gå videre til innhold
Forfattarportrett: Tom Gustavsen
Forfattarportrett: Tom Gustavsen

Pressemelding -

Dordi Strøm aktuell med rå og suggererande roman; "Odel"

Scenograf, kostymedesignar og forfattar Dordi Strøm er klar med sin andre roman Odel. På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?

Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og like etter forsvinn Odel.

Liv har sine eigne måtar å finne svar på. I draumar får ho høve til å sjå Odel på nært hald, der ho kryssar det snødekte fjellet til hest i måneskin. Frå dei hemmelege romma sine - i hundekorga under kjøkkenbordet, i kråa på stua og framfor elden i kammerset om kvelden - lagar Liv forklaringar og historier.

Frå NRKs melding:

"Nifs, suggererande og gnistrande original...vilt og sanseleg frå bygda - for ein fascinerande og urovekkande roman!"

Anne Cathrine Straume

Dordi Strøm (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Flog. Odel er andre boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO