Gå videre til innhold
Diktsamling for barn av Marit O. Kaldhol

Pressemelding -

Diktsamling for barn av Marit O. Kaldhol

Marit O. Kaldhol er aktuell med diktsamling for barn, På ei trapp i universet. På ei trapp i universet utforskar livets byrjing på mikro- og makroplan, frå verdsrommet til det minste egg.

Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær.


Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo. Boka er valt ut som fokustittel av NORLA.

Marit O. Kaldhol (f.1955) debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983. I 1986 kom Farvel, Rune, laga saman med biletkunstnar Wenche Øyen. For denne boka fekk Kaldhol internasjonal merksemd, m.a. Deutscher Jugendliteraturpreis i 1988, og boka blir rekna for ein moderne klassikar. For ungdomsboka søkeord: ayotzintli fekk ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomsbøker, og i 2019 blei romanen kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene skrivne på nynorsk etter 2000.

Susanna Kajermo (f.1978) er født i Stockholm, og er busett i Bergen. Ho har tidlegare illustrert barneboka Hauk av Sivert Nesbø.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO