Gå videre til innhold
Bjarte Samuelsen
Bjarte Samuelsen

Pressemelding -

"Dagane utan namn"- dramatisk forteljing om farskap

Dagane utan namn av Bjarte Samuelsen er ei dramatisk forteljing om den mest utsette posisjonen ein kan ha: å vere barn – og om den vanskelegaste jobben ein kan ha: å vere forelder.

Ivar skal bli far for første gong, men minna om hans eigen far veltar opp i han då guten blir fødd, og han torer ikkje å halde i sitt eige barn. For å meistre farsrolla må han forsone seg med sin eigen barndom. Han må attende til den sommaren far hans skal lære han å køyre båt, men faren ber på ei stor sorg og har andre planar. Finst det noko anna enn ein mørk lagnad når han møter far sin att i dagane utan namn, den sommaren på hytta då alt brått endra seg?

Bjarte Samuelsen(f. 1978) debuterte i 2007 med romanen Tilsynekomst. I 2009 kom bergensromanen TangDagane utan namner hans tredje bok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO