Pressemelding -
Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med diktsamlinga "Um sakne springe blome"
Blaavinge Bjørnevogs debutbok er ein mørk og mytisk sørgjesong fortald i eit heilt særeige lyrisk språk
Boka vert lansert på Ulvik Poesifestival på Hauge-senteret 9.9.
I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinna vev ei forteljing, utanfor tid, der håp kjempar mot sorg og undergang.
Dikta tek lesaren inn i eit mørkt univers, prega av folklore og mytologi. Dikta utmerker seg gjennom eit heilt særeige språk som kan minne om gammalnorsk og ymse norske målføre. Dei skaper ein suggererande rytme som byssar og lullar og sørgjer.
De bi inkje sumar her
De vårar inkje
De bi haust u vintrar
u haust att
Catherine Blaavinge Bjørnevog(f. 1975) er biletkunstnar. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.