Pressemelding -
Biletbokdebutant Martine Grande med premiere på NRK Super
Barnebokforfattar og animatør Martine Grande debuterer med barneboka "Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar" Boka er også filmatisert og har premiere Haugesund filmfestival og på NRK Super (fredag 23. august) denne veka.
Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede
når hausten har gøymt sola og fargane? I eit spenstig, humoristisk biletspråk fortel debutant og animatør Martine Grande den bittersøte historia om kakerlakken som får tunge vintertankar.
Martine Grande (f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og bur no i Volda. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige vesle animasjonsselskap Grande Produksjon. Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar er debuten hennar som barnebokforfattar.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.