Gå videre til innhold
Biletbok om sorg

Pressemelding -

Biletbok om sorg

Om minna som lever vidare

I Oske møter vi ein liten gut som saknar faren sin. Det er ikkje lenge sidan faren døydde, og minna om han er sterkt til stades heime i huset. Guten går inn på soverommet og ser at det framleis er eit søkk i hovudputa til pappa. Han går inn på kjøkenet og ser at det framleis er ein kaffiskvett igjen i koppen pappa pla drikke av. Han går ut på balkongen og kjenner at det framleis luktar pappa av den gamle skuggelua hans.


Saman med mora samlar guten nokre av tinga til pappa og ber dei med ut til den fine trehytta som dei snikra i lag. Der oppe i trehytta får guten sagt farvel til faren på sin heilt eigen måte, og det kjennest godt.


Oske
er ei biletbok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte.

Inger Lise Belsvik (f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Ho har illustrert ei lang rekke barnebøker for Samlaget, og debuterte som forfattar i 20210 med biletboka Spring, hesten, spring!

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO