Gå videre til innhold
Foto: Kristianne Marøy
Foto: Kristianne Marøy

Pressemelding -

Barnebokdebut om skeiv kjærleik

I Kampen av Geir Egil Eiksund møter vi 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrje i 7.klasse. Han gler seg til å spele fotball med bestevenninna Sara og dei andre frå klassen, og gjenskape alle kampane frå fotball-VM. Men ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Det er feil lag, men han er framleis søt. Andreas kjenner at hjartet slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar til han, og han veit ikkje kva han skal svare henne.

Kampen handlar om ein ung gut som i løpet av nokre veker denne sommarferien må finne ut kven han er, og som på vegen innser at det kanskje ikkje er så farleg å vere annleis. Det er òg ei varm og sjarmerande historie om venskap og om gleda over fotball. 

Om boka seier forfattaren til forlaget: "Historia om Andreas er ei slik historie eg sjølv hadde hatt godt av å lese då eg var like gamal, og forstod at eg var homofil, ei bok som visar at det går bra å vere annleis. Eg vonar ho kan vere til støtte for unge gutar og jenter som sit med tankar og spørsmål rundt eigen legning."

Dei siste åra har det kome fleire barnebøker om seksuell legning og identitet, men det er få som skildrar korleis det er å vekse opp som skeiv på bygda med eit sterk religiøs nærvære. Kampen er eit viktig bidrag til å vise mangfald i barnelitteraturen.  

Boka lanserast 3.mai.

Geir Egil Eiksund (f.1988) kjem frå Ørsta, og bur i Volda. Han er utdanna lærar og journalist. Kampen er Eiksunds fyrste bok. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO