Gå videre til innhold
Forfattar og journalist Bår Stenvik er aktuell med boka «Ti utrulege oppfinningar», skriven for barn frå 9 år og oppover. Foto: Therese Tungen.
Forfattar og journalist Bår Stenvik er aktuell med boka «Ti utrulege oppfinningar», skriven for barn frå 9 år og oppover. Foto: Therese Tungen.

Pressemelding -

Bår Stenvik med barnebok om oppfinningar

Med boka Ti utrulege oppfinningar set Stenvik i gang samtalar om dei sentrale oppfinningane i vår tid – og kva som kjenneteiknar god og dårleg innovasjon.

For kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, antibiotika, oppvaskmaskina og det skotsikre stoffet kevlar.

Saman med den prislønte illustratøren Rune Markhus, søker Stenvik å opplyse barn – og vaksne, om kvar idear kjem frå, og korleis nokre av dei blir til oppfinningar som vidare verkar inn på livet vårt.

Boka legg òg vekt på verdien av kollektivt arbeid og vitskapeleg metode, ved å vise fram dei litt uvante historiene. Det inkluderer mellom anna forteljinga om korleis slavesonen Lewis Latimer var avgjerande for Thomas Edisons lyspære, at penicillin blei til ved eit slumpetreff, og korleis ein heil skokk med engasjerte damer og menn stod bak p-pilla.

Bår Stenvik (f. 1976) har skrive mange bøker om vitskap og teknologi. Til dømes Dataspill (Cappelen Damm, 2011), saman med Maren Agdestein og Rune Markhus. Stenvik kjem frå Namdalseid i Trøndelag.

Rune Markhus (f. 1972) har illustrert rundt 20 bildebøker. Blant anna Når alle sover (Gyldendal, 2011), om monstera Boba og Lille Fetir Lutemann.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO