Gå videre til innhold
Anders Totland klar med ny rølpete thriller om Jacob Juul; "Til døden skil oss"

Pressemelding -

Anders Totland klar med ny rølpete thriller om Jacob Juul; "Til døden skil oss"

Den pensjonerte presten Jacob Juul er tilbake i Anders Totlands røpete, nye thriller; Til døden skil oss

Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen!

I haust legg Totland ut på ein storslått turné i ein knallraud Volvo 740, rett ut av romanens omslag og univers. Han skal besøkje heile 200 bokhandlar rundt om i distrikta.

Om Til jord skal du bli (2022):

"Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!" - SISS VIK, NRK

"En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman." - SIGMUND JENSEN, STAVANGER
AFTENBLAD

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka VindmøllekampenHistoria om eit folkeopprør. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli. Til døden skil oss er ein nokså frittståande oppfølgjar

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO