Gå videre til innhold
Aina Basso med ny bok om mellomalderens tekstmeldingar; "Eg rissa desse runene"

Pressemelding -

Aina Basso med ny bok om mellomalderens tekstmeldingar; "Eg rissa desse runene"


I novellesamlinga "Eg rissa desse runene" pustar Aina Basso liv i menneska og mellomaldersamfunnet. Ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.

21.9. gjestar ho Litteraturhuset i Bergen og samtalar med Gunnstein Akselberg og Marte Spurkland om runene og oss:

https://www.litthusbergen.no/a...

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.

Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg, funne på Bryggen i Bergen. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular.

Aina Basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO