Gå videre til innhold
​Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk

Pressemelding -

​Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk

Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som tilfører dikta ein politisk brodd. Dikta i utvalet spenner frå 2011 til 2016, med ei klar hovudvekt på dei siste par åra.

Dei som bidreg i antologien, er: Brandon Brown, gjendikta av Frode Grytten, Kate Colby, gjendikta av Rune F. Hjemås, Corina Copp, gjendikta av Hilde Susan Jægtnes og Joanna Rzadkowska, Paul Legault, gjendikta av Leif Høghaug, Monica McClure, gjendikta av Linn Strømsborg, Danez Smith, gjendikta av Kristin Fridtun, Ocean Vuong, gjendikta av Mathias R. Samuelsen og Sara Wintz, gjendikta av Kristina Leganger Iversen.

Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.

Lansering for boka tysdag 5. juni kl. 19.45 i Bikuben på DNT. Høyr Danez Smith, Einar Økland og Paal Helge Haugen i samtale: https://www.facebook.com/pg/samlaget/events/?ref=page_internal

Moglegheiter for intervju med Danez Smith tidlegare same dag. Ta kontakt med informasjonskonsulent Guro Kvalnes på g.kvalnes@samlaget.no for avtale. 

Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er poet, gjendiktar og forlagsredaktør i Bejing Trondheim. Han har skrive diktbøkene Utredning om trengsel (2009), Forstillingsværket (2014) og Ære. Være 1-36 (2017). Han har mellom anna gjendikta Gary Snyders tidlege poesi og fleire amerikanske samtidspoetar.

Rune F. Hjemås (f. 1982) er forfattar og forlagsredaktør i Bejing Trondheim. Han har skrive bøkeneEg er ikkje redd, eg er ikkje redd (2008), Indianarar (2009), Det er ikke vår, det er global oppvarming (2012) og Et lite skritt for mennesket. Fotografier (1985–2018) (2016), og har også bidrege til fleire antologiar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO