Pressemelding -
Åsmund Husabø Eikenes aktuell med "Sprut. Historia om kroppsvæskene våre"
Eit kyss, ein blodprøve og ei tåre blir aldri det same!
Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker.
Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt syn på kroppsvæskene dine.
I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. Ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv.
Åsmund H. Eikenes (f. 1986) har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er ein engasjert forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn, men bur i Oslo.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.