Gå videre til innhold
Omslagsillustrasjon: Åshild Irgens
Omslagsillustrasjon: Åshild Irgens

Pressemelding -

10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong – bli med tilbake til Steinalderen

Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då?

I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida, då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og den gongen da ei mønsterbølgje raserte norskekysten. Boka gir deg òg oppskrift på korleis du kan lage ditt eige musikkinstrument frå steinalderen.

Steinalderen er ei unik sakprosabok for barn og unge, skriven frå barnets perspektiv. Arkeolog Eirin Holberg skriv engasjerande og levande om oldtida og gjer den fjerne historia nær. Holberg visar korleis arkeologar jobbar og om korleis ny teknologi har gitt oss ny kunnskap om menneska som levde i oldtida og no veit vi mykje meir om kven dei var, kor dei kom frå og kva dei åt. Fortida er nærare enn vi trur, og du veit aldri når du kan snuble over eit funn frå steinalderen! Boka høver like godt i skule og undervisning, som høgtlesing for nysgjerrige barn. Rettane til boka er selde allereie før lansering her heime, til danske Straarup & Co.

Boka er illustrert av prislønte Åshild Irgens, som med sin lune og humoristiske strek har gjenskapt ei spennande verd som er heilt annleis enn vår eiga.

Eirin Holberg (f.1972) er arkeolog og forfattar. Ho har gitt ut og skrive bidrag til ei rekke historieverk og faglitteratur for universitet og høgskule.

Åshild Irgens (f.1976) har hovudfag frå Kunsthøgskolen i Oslo og har illustrert ei rekke barnebøker.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO