Gå videre til innhold

Emner: Partnerskap, samarbeid

NetNordic: Allan Bjørnstad, Head of Sales and Marketing. Renate Stordahl, Marketing Manager. Lene Diesen, Managing Director. Det Norske Teatret: Erik Ulfsby, teatersjef. Kirsti Ervik, partnaransvarleg. Thine Sletbakk, kommunikasjons- og marknadssjef.

NetNordic og Det Norske Teatret inngår samarbeidsavtale for å kombinere kunst og teknologi

NetNordic, ein leiande leverandør av IT-løysingar og -tenester, kunngjer i dag ein spennande samarbeidsavtale med Det Norske Teatret, ein av dei fremste kulturinstitusjonane i Noreg. Avtalen, som strekker seg over dei neste tre åra, markerer starten på ein unik partnarskap med mål om å utforske og utvikle innovative moglegheiter innanfor kunst og teknologi.

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge