Gå videre til innhold

Siste nytt

Spynorsk. The Musical av Are Kalvø var den store musikal-satsinga i 2024. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Årsmøte for 2024

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 26. april.

Haust med store forteljingar

Haust med store forteljingar

I dag lanserer teatersjef Kjersti Horn repertoaret for hausten 2025. Store romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.

Sara Khorami, Leo Magnus de la Nuez og Preben Hodneland er mellom skodespelarane ein møter i Ikkje ein lyd av Arne Lygre. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Nordisk råds litteraturpris-nominerte Arne Lygre med nytt skodespel

Arne Lygre er aktuell med eit nytt skodespel på Hovudscenen. Nok ein gong er det Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell som står for regi og scenografi, slik dei gjorde med den overraskande braksuksessen Tid for glede. I Ikkje ein lyd handlar det om å høyre til, og å lande i sitt eige liv.

"Taume" må gjennom mange prøvingar for å finne ut at han er god nok som han er. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Scene 3 hyllar A4-livet

Taume P. Dery kjente eit press for å bli noko stort. Noko han ikkje var. Noko han ville bli hugsa for. Dette er utgangspunktet for den ganske speisa framsyninga Psychic. Det er også er den første urpremieren Tani Dibasey og Only Slime produserer på Det Norske Teatret.

PSYCHIC
av Tani Dibasey og Only Slime
URPREMIERE TORSDAG 27. MARS KL. 19.00
PÅ SCENE 3
Taume P. Dery er ein gans

Mohammed Aden Ali i Prosessen mot menneska. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Kva om KI tek over verda?

Året er 2029. Verda er på kanten av kollaps. Så tek den kunstige intelligensen Omnitron over, og har ei løysing for å redde kloden. KI-en vil utrydde arten som er årsak til undergangen. Ber vi menneske kollektivt eit ansvar for å ha skapt kaoset? Kan vi i så fall be om nåde og erklære oss uskyldige?

Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård gir kropp og stemme til forfattaren Arne Garborg og målarinna Kitty Kielland. Foto: Sondre Michaelsen.

Eit møte med Arne Garborg og Kitty Kielland

To gjestespel gir eit nært innblikk i to tankane til og forholdet mellom store personlegdomar innan norsk kunst og litteratur, nemleg Kitty Kielland og Arne Garborg.

Sosiale medier

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge