Kan kunsten bidra til å styrke demokratiet?
- Ja, så avgjort, seier teatersjef Erik Ulfsby som frå 22. november er aktuell med regien på framsyninga Ein av oss på Scene 2. Saman med konseptkunstnaren Lars Ramberg og Ditteke Waidelich ønskjer han å forske på kva som var drivkrafta bak det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011.