Når ho slår
Are og Kine blir stormforelska. Ho er så inntakande og sjarmerande, og dei har det så fint i lag som berre nyforelska par kan ha det. Men nokre gonger er ho litt underleg og avstengt, på eit vis. Og så får han det første slaget. Heilt utan forvarsel og at han skjønar kvifor.