Gå videre til innhold
Lillehammer Kulturskole har sjølve laga manus til framsyninga dei har kalt TENK, som vil bli vist under den landsdekkande DUS-festivalen.
Lillehammer Kulturskole har sjølve laga manus til framsyninga dei har kalt TENK, som vil bli vist under den landsdekkande DUS-festivalen.

Pressemelding -

Teaterungdom frå heile landet på scenen i Oslo

For sjuande året skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.

DUS - DEN UNGE SCENEN
LANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM
11. - 13. MAI
DET NORSKE TEATRET

Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival på Det Norske Teatret. Teaterfestivalen er høgdepunktet i eit toårig prosjekt som tek til med at etablerte dramatikarar/forfattarar skriv ny dramatikk for ungdom, i tillegg til at to teatertekstar skriven av ungdom blir valde ut gjennom ein skrive-konkurranse. I år er det Hedda Bech frå Hatteng (f. 1998) og Sirilinn Fri (f. 1999) frå Asker/Trøndelag som har vore så heldige å få sine tekstar sette opp av teatergrupper frå heile landet. Nytt av året er også ein open kategori der teatergruppene sjølve kunne lage manus, kalla Blanke Ark: Norsk i dag, der ein skulle sjå nærare på norsk identitet i dag. 

RIKT PROGRAM

Under den landsdekkande festivalen er det 12 grupper som er valde ut frå heile Noreg som skal få høve til å vise seg fram for alle som tek turen til Oslo for å vise kva ungdom kan få til på ein scene.

Heile programmet for festivalen og oversyn over gruppene som er med, finn du her.

DEN UNGE SCENEN

15 teaterinstitusjonar i 12 regionar er no med i DUS. Gruppene som er med, får nytte tekstane vederlagsfritt, og dei får fagleg hjelp gjennom dei regionale institusjonane. Det blir òg arrangert fleire seminar med gruppeleiarar og dramatikarar, i tillegg til regionale samlingar i fleire regionar. Hovudmålet er å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov, men også å stimulere til å gå nye vegar for å gjere teatret til ein attraktiv arena for aldersgruppa 13-19 år.

DUS er støtta av Norsk Kulturfond.


Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge