Gå videre til innhold
Jon Bleiklie Devik, som har rolla som slåttekaren Nesje, opplevde at framsyninga han spelte i blei sett på pause dagen etter premieren.
Jon Bleiklie Devik, som har rolla som slåttekaren Nesje, opplevde at framsyninga han spelte i blei sett på pause dagen etter premieren.

Pressemelding -

Teater ute og Slåttekaren i strøymeversjon

Førstkomande laurdag er første gongen Det Norske Teatret spelar teater for publikum sidan Oslo blei stengt i november, med vandreframsyninga GÅ. Samstundes utvidar teateret tilbodet med direktestrøyming av teater med enno ei framsyning. Heile landet kan no få med seg Slåttekar i himmelen heime i eiga stove.

SLÅTTEKAR I HIMMELEN
av Edvard Hoem
DIREKTESTRØYMING TORSDAG 28. JANUAR KL. 20.00
DIREKTESTRØYMING LAURDAG 13. FEBRUAR KL. 18.00
I DI EIGA STOVE


av Goksøyr/Martens
FRÅ LAURDAG 23. JANUAR KL. 14.00
UTANDØRS, oppmøte ved hovudinngangen til Det Norske Teatret

Slåttekar i himmelen hadde urpremiere laurdag 7. mars, og rakk ikkje fleire framsyningar på Det Norske Teatrets Hovudscene før landet stengte ned som følgje av pandemien. I haust var framsyninga på ein vellukka vestlandsturne i regi av Teatret Vårt og fekk også spele nokre få framsyningar i hovudstaden før ny nedstenging blei innført. Det Norske Teatret har likevel tru på at framsyninga kan møte eit avgrensa publikum i Oslo seinare i vårsesongen, men vil no tilby denne opplevinga til alle gjennom direktestrøyming av framsyninga. Både i januar og februar kan publikum sjå ein versjon i sanntid som er lagt til rette for fleire kamera og som følgjer tett på Slåttekarens historie frå Edvard Hoems romanserie om Nesjefolket. Det er det næraste ein kjem teater i det store formatet i denne perioden, og du kan sjå det kor som helst, berre ikkje frå salen på Det Norske Teatret.

Direktestrøyminga av Slåttekar i himmelen skjer 28. januar og 13. februar.
Før framsyninga vil publikum også få med seg ein samtale mellom forlagssjef i Oktober Forlag Ingeri Engelstad og forfattaren Edvard Hoem, som har skrive denne historia basert på si eiga familiehistorie og sin eigen oldefar.

GÅ - gjennom Oslos gater

Pandemien tvang også fram nye tenkemåtar. Goksøyr/Martens hadde lenge gått med ideen om ei framsyning om døden, og no fann denne si form gjennom ei auditiv vandring gjennom Oslos gater på trygg avstand frå kvarandre. Framsyninga handlar om å miste. Hovudkarakteren ein får vere i hovudet til har mista familien gjennom eit samlivsbrot, og mister mor si, utan å få vere til stades.

har si første vising sidan november den 23. januar.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge