Gå videre til innhold
Lasse Kolsrud har sjølv vore på sjøen, lik karakteren han skal spele; Lauritz Moe. Foto: Magnus Skrede.
Lasse Kolsrud har sjølv vore på sjøen, lik karakteren han skal spele; Lauritz Moe. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Teater om ein generasjon sjømenn

I midten av 1970-åra hadde nær ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei. 

COME BACK, LIZA
av Terje Nordby
PREMIERE FREDAG 2. OKTOBER KL. 20.00
PÅ SCENE 3

Framsyninga Come back, Liza hentar tittel frå ein av hitane til den jamaicansk-amerikanske calypsoartisten Harry Belafonte, musikk som følgt liva til dei som har vore til sjøs. Lasse Kolsruds eigne erfaringar med hundevakt, rustpikking, billeg brennevin til jul, og ikkje minst forholdet til faren som var sjømann heile sitt liv, er eitt av utgangspunkta for forteljinga om den tidlegare sjømannen Lauritz Moe. 

Framsyning på bar

Framsyninga handlar om duoen Hermansen og Moe som denne kvelden skal halde ein barkonsert. Men akkurat denne kvelden tar det heile ei ny og uventa retning.

Denne dagen er Lauritz Moe ikkje berre forlaten av kjærasten gjennom 20 år, han har nettopp fått vite at den døde kroppen til faren er identifisert i Aust-Afrika. Det er vanskeleg å samle seg om det han skal seie, og digresjonane pressar seg fram. Medan tankane flyg til fjerne land, tar han oss med på ei reise til eit landskap der myte og verkelegheit flyt saman. Kjernetemaet er ein manns sakn etter ein far og eit liv som aldri blei heilt slik han hadde håpt.

Les meir: - Like viktig som Homer, var for dette prosjektet den evige sjømannen Per Skotheim. Han reiste Sør-Noreg på tvers og sat to heile dagar på kafeen Karoline på Oslo Sentralbanestasjon og fortalde Lasse og meg om sitt sjømannsliv, skriv dramatikar Terje Nordby.

Ein generasjon av sjømenn

Framsyninga blei til i samarbeid med Terje Nordby, kjend frå Tramteatret og Mytekalenderen på NRK, og hadde premiere i 1997. Når dei no tek framsyninga opp igjen vil dei finne ut korleis Lauritz Moe har det i dag, 20 år etter. På scenen har Kolsrud med seg Espen Leite på trekkspel, og historiene frå Lauritz Moes liv blir akkopagnert av ei rekke gamle slagarar frå ulike sjangrar.

Les meir om framsyninga Come back, Liza på nettsidene våre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge