Gå videre til innhold
Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.
Svein Tindberg har stått åleine på scenen i ei rekkje framsyningar som tek opp trusspørsmål. No sist i Gudspartikkelen, som bildet er henta ifrå. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Svein Tindberg får Vennelagsprisen 2022

I går kveld mottok Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg Vennelagsprisen 2022 frå Venner av Det Norske Teatret.

Prisen er på 30.000 kr., og skal i følgje vedtektene bli gitt til ein som er fast tilsett ved Det Norske Teatret, og som har gjort ein viktig innsats for teateret i seinare tid.

Svein Tindberg er ein utøvande kunstnar som gjennom mange år har via sitt engasjement til tematisering av religiøse spørsmål og gudstru. Størst suksess har han hatt med einmanns-framsyningane Evangeliet etter Markus i 1995, Apostlenes gjerninger i 2000 og Abrahams barn i 2011/2012 på Det Norske Teatret, der dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam står sentralt.

I grunngjevinga for tildelinga frå Venner av Det Norske Teatret heiter det vidare: 
"Monologframsyningane syner tru på dei religiøse tekstene si eiga formidlingskraft, og slik har Svein Tindberg medverka til å fornye forteljartradisjonen kring denne typen tekster.

I 2021 kom den fjerde framsyninga i rekkja, Gudspartikkelen, også denne i samarbeid med instruktør Kjetil Bang-Hansen, som dei tre ovannemnde framsyningane. For styret i Vennelaget er det i særleg grad Gudspartikkelen som ligg til grunn for tildelinga av Vennelagsprisen. Svein Tindberg fortel at han har kjent ei konflikt i seg sjølv mellom tru og rasjonalitet, og ønskjer å stille dei store spørsmåla: Finns Gud, eller finns ikkje Gud? Dette har gjeve oss ei framsyning som er ein eineståande kunstnarleg prestasjon, og det er stor formidlingskunst om særdeles viktige tema. Ikkje minst i den tida vi lever i nå treng vi ei slik tankevekkande, grenseoverskridande, varm og også humoristisk forteljing."

Kontaktpersonar i Venner av Det Norske Teatret:

Kjell Austin, leiar4150 9460 / kaustin@online.no
Yngvil Kiran, nestleiar4812 8027 / yngvil.kiran@gmail.com

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge