Pressemelding -
Sundquist om liv og død
Bjørn Sundquist er i gang med sitt tredje prosjekt signert nobelprisvinnaren, teaterfornyaren og absurdisten Beckett. Det blir mørkt som natta, men ikkje utan humor og håp.
RØFF
AV SAMUEL BECKETT
REGI BJØRN SUNDQUIST
PREMIERE LAURDAG 21. FEBRUAR KL. 17.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET
Dei seinare åra har Sundquist sett opp både Mens vi ventar på Godot og Krapps siste spole, no går han vidare med nokre av Becketts kortare dramatiske verk på Scene 2. Hans tredje Beckett-oppsetjing inkluderer heile fire stykke – Pust, Røff I, Røff II og Den gongen. Sundquist karakteriserer sjølv stykka som svart humor over ein avgrunn.
Ei djupare meining
Vi møter Per Schaanning og Sigmund Sæverud som to forhutla uteliggjarar – den eine blind – den andre lam. Begge einsame, begge ulykkelege, men ikkje ulykkelege nok til å ta livet av seg. I neste stykke er Kyrre Hellum og Frank Kjosås saksbehandlarar som diskuterer kor vidt tredjemann skal hoppe eller ikkje hoppe. Pust og Den gongen rammar dei andre stykka inn – i ei framsyning som manar til ettertanke.
Kva er meininga?
For kva er eigentleg eit liv? Ein pust, ein blaff i uendelegheita? Blir vi fødde over ei grav? Beckett løyser ingen av livets gåter, men han veit å stille dei. Han filosoferer over tema som tomheit, meiningsløyse, men også lengt etter kjærleik. I det håplause er det komikk – og i det ligg også håpet. Han inviterer til ei djupare erkjenning, å sjå livet slik det er, forsone oss med det – og le.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.