Pressemelding -
Spynorsk: Splitter ny musikal inspirert av nynorsk ordliste
Går det an å lage ein musikal om kløyvd infinitiv? Ja, det gjer det faktisk! Og det er den humorsterke duoen Are Kalvø og Ingrid Bjørnov som står bak denne nye musikalen, inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen.
SPYNORSK. THE MUSICAL.
av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov
URPREMIERE LAURDAG 13. APRIL KL. 18.00
HOVUDSCENEN
Spynorsk er ei kontrafaktisk forteljing om Ivar Aasen, ein harselas med og ei hylling av nynorsken - og ein satire over norsk samtid og politikk. Historia tek til i året 2042, der folket har mista all glød, stort sett all konsentrasjonsevne og alt av draumar etter år med skjermbruk og upålitelege politikarar. Ei ung kvinne vi lærer å kjenne som Aase Ivarsen, snublar over ei gamal utgåve av Spynorsk Mordliste (Nynorsk ordliste) og ein biografi om nynorskens far, Ivar Aasen. Ho orkar ikkje lese heile boka, men blir likevel inspirert og får eit kall om å vekke folket.
Spynorsk Mordliste, vaflar og Aasen

Dette kallet sender Aase Ivarsen ut på ein politisk roadtrip med Ivar Aasen som leiestjerne. Og Ivarsen får folk med seg i partiet Spynorsk Mordliste med vaflar og slagordet om at alle skal bli høyrde. Ho blir likt av både ungdommen, 40-50-åringane og dei gamle. Men kva det politiske prosjektet hennar eigentleg er, kan det vere vanskeleg å få fatt på, men det tar stadig meir totalitære formar. Til slutt snublar ho også - som mange politikarar gjer - i sine eigne løgner.
Tøysete duo

I 2015 slo Are Kalvø og Ingrid Bjørnov seg saman og laga den satiriske musikalen Halve Kongeriket: Norsk politikk - The musical, som vann den gjeve Komiprisen året etter. No har Kalvø og Bjørnov igjen foreint krefter.
Manusforfattar og songtekstansvarleg Are Kalvø hadde i lengre tid sysla med denne tanken: Korleis samlar du alle om eit felles prosjekt, og er det mogleg?
Samstundes hadde mange oppmoda han om å skrive noko om nynorsken.
- Dette gjekk på eit merkeleg vis opp i ei høgare eining. Her har vi noko, tenkte eg, seier Kalvø, som så slo på tråden til komponist Ingrid Bjørnov. Ho tente straks på ideen og har snikra låtar fulle av fengande refreng, inspirerte av alt frå funk og rock til punk.
LES HEILE intervjuet med Are Kalvø og Ingrid Bjørnov her.
Spynorsk Mordliste

Generasjonar av norske skoleelevar har gått rundt med ei SPynorsk Mordliste i sekken. Nynorsk ordliste, med påskribla bokstavar som endrar tydinga av boktittelen radikalt. Dagens skoleelevar er lykkeleg uvitande om foreldregenerasjonens hærverk - i dag nyttar dei nemleg berre digitale ordbøker, og dei gir ikkje same høve til å få ut agget ein måtte ha inni seg mot det eine av dei to skriftspråka våre. I mange tiår var det nesten ikkje ei einaste Nynorsk ordliste å oppdrive i det norske skoleverket - der var det berre Spynorske Mordlister.
Frank Kjosås og Julie Moe Sandø

Frank Kjosås har spelt både Judas og Jesus, men skal no ha rolla som Ivar Aasen, og det er første gong han er tilbake på scenen sidan braksuksessen som Eldste Price i The Book of Mormon i 2017.
- Eg har spelt alle moglege religiøse figurar, men no skal eg endeleg få vere ein som har betydd noko for meg personleg. Sjølvaste Ivar, seier skodespelaren.
LES HEILE saken her.
Julie Moe Sandø har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2016, og hatt store roller blant anna i musikalar som Tenk om, Bienes historie og Lazarus. No er ho klar for hovudrolla som politikarkometen Aase Ivarsen.
Bak regien står Ivar Tindberg, dei fantasirike kostyma er ved Unni Walstad, og scenografien er malt fram av Stian Hole og Gjermund Andresen. Med seg på scenen har dei eit knallsterkt ensemble og eit fullsett orkester. Saman skal dei synge og danse fram ein politisk og satirisk musikal som samstundes er ei kjærleiksærklæring til nynorsken.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.