Gå videre til innhold
Jon Bleiklie Devik er sjølvaste slåttekaren, basert på Edvard Hoems eigen oldefar. Heidi Gjermundsen Broch er Serianna, kona hans, mens Bjørnar Teigen og Sara Fellman skal vere amerikafararane Ole Salmakar og Gjertine. Foto: Eirik Malmo.
Jon Bleiklie Devik er sjølvaste slåttekaren, basert på Edvard Hoems eigen oldefar. Heidi Gjermundsen Broch er Serianna, kona hans, mens Bjørnar Teigen og Sara Fellman skal vere amerikafararane Ole Salmakar og Gjertine. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Slåttekar i himmelen blir teater

Boka om Edvard Hoems eigen oldefar, slåttekaren Nesje, har nådd ein stor lesarskare. No kjem boka til liv på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

SLÅTTEKAR I HIMMELEN
av Edvard Hoem
URPREMIERE LAURDAG 7. MARS KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I samarbeid med Teatret Vårt i Molde

Det skulle ta mange tiår frå Edvard Hoem først fekk ideen om å skrive om familien til den første boka om oldefaren kom ut. Men da han først sette i gong med å skrive, losna det. Fire bøker har det blitt til no om Nesje-slekta. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Mellom 1825 og 1920 valde ein betydeleg del av den norske befolkinga, nærare bestemt 800.000, å reise til Amerika. Edvard Hoem har villa sjå nærare på kva som dreiv dei som drog, og kva som gjorde at andre blei verande, og kva dette gjorde med familiane som blei splitta.

Avslag på avslag
Allereie for 40 år sidan la Edvard Hoem fram idéen om å lage teater eller bok av historia om oldefaren Knud Hansen Nesje (1838-1912). Men både teateret og forlagsbransjen var skeptiske. Ein generasjon seinare har det blitt fleire bøker, og no blir det også endeleg teater.

- Då eg som 22-åring la fram historia om denne oldefaren som mista sønene sine for Ola B. Johannessen på Teatret Vårt som utgangspunkt for eit mogleg stykke, lukta han raskt lunta. Er det familie dette da, spurde teatersjefen. Ja, sa eg. Og da kom det kjapt; du må aldri skrive om familie. Du må ta så mange omsyn da.
Les heile intervjuet her.

Storslått på Hovudscenen
Bentein Baardson er mannen for dei store høva, og til oppsetjinga av Slåttekar i himmelen på Hovudscenen er han tilbake som regissør på Det Norske Teatret for første gong sidan 1996. Han lar Moldelandskapet og slåttekarens omgivnader bli malt fram av filmatisk og storslått musikk i samspel med videoprojeksjonar. Skodesplarane vekselvis fortel og spelar ut delar av handlinga.

- Dette er menneske som står midt i valet om forlate det fattige, karrige Noreg og søke lykka, og forhåpentlegvis få ei betre framtid, i ein framand verdsdel, seier regissøren.
Sjå heile intervjuet her.

Slåttekaren og Serianna

Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik har spelt ektefolk på scenen eit utal gonger og kjenner kvarandre godt. Foto: Eirik Malmo.

Jon Bleiklie Devik skal spele rolla som husmannen og slåttekaren Nesje. Heidi Gjermundsen Broch er kona, Serianna. Dette er eit samarbeidsprosjekt med Teatret Vårt i Molde, og premieren der blir 15. august. Frå Molde kjem Sara Fellman og Bjørnar Teigen, som skal spele Seriannas søster, Gjertine, og mannen hennar, Ole Salmakar, som begge dreg over Atlanteren til Amerika.

- Dette er ei hylling til dei før oss som arbeidde hardt og håpte på eit betre liv. Det er ikkje så mange generasjonar sidan dei fleste i dette landet levde slik som Knut Nesje i Slåttekar i himmelen, seier skodespelar Jon Bleiklie Devik.
Les heile intervjuet her.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge