Gå videre til innhold
Espen Esther Pirelli Benestad er av dei personane som har brote grenser og kjempa for retten til å vere og kjenne annleis. Foto: Fin Serck-Hanssen.
Espen Esther Pirelli Benestad er av dei personane som har brote grenser og kjempa for retten til å vere og kjenne annleis. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Pressemelding -

Skeive ikon på Det Norske Teatret

I år er det 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Dette blir markert på Det Norske Teatret, mellom anna gjennom ei utstilling med unike portrett av nokre av dei som kjempa fram lovendringa og som har prega arbeidet for homofiles rettar.

SKEIVE IKONER

UTSTILLINGSOPNING LAURDAG 19. MARS KL. 17.30
FOAJEEN PÅ DET NORSKE TEATRET

Utstillinga Skeive ikoner er eit samarbeid med Fotogalleriet, og er laga av Fin Serck-Hanssen, Bjørn Hatterud og Caroline Ugelstad Elnæs. Prosjektet markerer avkriminaliseringa av homofili i Noreg, og fortel livshistoria om nokre av dei som var med på å endre historia om homofilli gjennom fotoportett og tekst. Som ikkje-konforme individ kjempa dei aktivt mot diskriminerande
strukturar i norsk kultur og samfunn, og bido til bidro til kampen for friheit og likestilling før og etter avviklinga av straffelova sin paragraf 213 i 1972.

Skeive ikoner
fortel om menneske som har bidratt til å forvandle Noreg til det frigjorte samfunnet vi kjenner i dag, og vil ta form av ei rad utstillingar, eit filmprogram og samtalar, og vil i tillegg komme ut i bokform i løpet av året.

Skeive ikoner
er del av Skeivt kulturår 2022.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge