Gå videre til innhold
Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen held fram med prosjektet Spire.
Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen held fram med prosjektet Spire.

Pressemelding -

Skeiv tematikk på dagsordenen

Jae Nyamburah og Martine Næss Johansen representerer begge minoritetar i samfunnet. Gjennom regissørutviklings-prosjektet Spire vil dei sette ulike skeive tematikkar på dagsordenen.

SPIRE

To prosjektvisingar i løpet av ein kveld
VISINGAR 4. - 7. OKTOBER
PÅ ROMMEN SCENE

Martine Næss Johansen ønskjer med si vising Skeive skikkar/Stolte riter, basert på eigne tekstar, å rette fokus mot fråveret av overgangsriter og skikkar for dei som kjenner annleis enn majoritetskulturen. Ho vil også postulere nokre forslag til korleis dette kanskje kan vere. 

Jae Nyamburah vil i I K K J E E I T E M N E ta utgangspunkt i både eigne og andres tekstar for å ta opp behovet for å sette merkelappar på folk. Hovudpersonen i visinga hennar ønskjer å vere den ho er - kle seg som ho vil og oppføre seg som ho vil - men utan å bli sett i bås.

LES MEIR: - Å kome inn i eit miljø du ikkje kjenner kan vere skremmande. Det som frå utsida verkar liberalt, tolerant og ope, kan vise seg å vere vanskeleg å navigere i, seier Jae Nyamburah.


Begge visiningane er del av Det Norske Teatret i Groruddalens prosjekt for å utvikle nye kvinnelege regitalent med minoritetsbakgrunn.
- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Gjennom regiprosjektet Spire ønskjer vi å gjere noko med dette, seier kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
Spire-visingane er ei vidareføring av Spire-prosjektet frå i vår, der Nyamburah og Næss Johansen prøvde seg som regissørar for første gong.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge